Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2010

Fargelaust fellesskap

Ja, eg innrømmer det: integrering er vanskelig. Eg er ikkje ein gong sikker på om eg veit kva det betyr. Det einaste eg er ganske sikker på er at det ikkje betyr at alle skal vera heilt lik "oss" - kven no det måtte vera. Men så spørs det om det likevel er akkurat det byrådet i Oslo meiner, i alle fall om vi skal leggja posteren for den nye kampanjen til grunn.

Alle er elegant dresskledd i sørgesvart. Stilig - etter vestlig standard, men ikkje eit spor av noko norsk, eller nokon form for tilhøyrighet. Skal vi tolka dette som at "vi" som bur i Oslo er kosmopolittar, frie frå alle band - frå landet vi bur i og landet vi kjem frå? Skal vi vera lykkelige tilpassa besteborgarar av hovedstaden, glatte, liberale dressmenn (også damene!) med aksjer og advokatpraksis eller bildekkforetning? Skal vi alle vera sosialliberalkristeligdemokratiske, apolitiske fremskrittsvennlige medlemmer av den rødgrønnlilla byrådsregjeringa?

Ja, då veit vi jo kva for farge det blir: grått! Då …