Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2010

Påfuglsyndromet

Har du nokon gong lurt på koffor påfuglen har den enorme halen sin? Den kan jo ikkje vera nyttig? Tvert om må det vera ei stor plage for påfuglhannen å draska rundt på dette slepet. Den kan til og med vera farlig fordi den kan tiltrekkja seg rovdyr. Richard Dawkins, forfattaren av "The Selfish Gene" meiner at det er nettopp på grunn av sin unyttighet og sin besværlighet at påfuglhalen er så svær. Det er som om hannen seier: "Sjå kor sterk og viril eg er, som klarar å dra rundt på denne latterlige halen." Hoer som er ute etter å finna sterke hannar å para seg med vert tiltrekte av dette symbolet på styrke, og dermed kan gener for svære halar spre seg.  Dette, som vi kan kalla påfuglsyndromet, kan også gi oss ein forklaringsmodell innan for eksempel religion og økonomi!

den @narkistiske skulen

Notat frå Institutt for Utopisk Pedagogikk (UPED) Andre del av ein forelesing om politikk og pedagogikk. Første del fins i: Det Anarkistiske Barnet "The wish to preserve the past rather than the hope of creating the future dominates the mind of those who control the teaching of the young". Bertrand Russell i "on Education" Skjult pensum Det du lærer på skulen er ikkje bare fag som matte og norsk. Skulen har også eit skjult pensum. Ein forsøksvis definisjon kan vera: kunnskapar, haldningar og væremåte som elevane tilegnar seg utan at dette blir undervist. Ein annan definisjon eg har sett er: Den "Skjulte Læreplanen er det som elevane lærer gjennom det dei erfarer ved å gå på skule, heller ein dei formulerte måla for slike institusjonar". Det er altså snakk om det som dei tilegnar seg i tillegg til dei læremåla som er eksplitt gitt gjennom læreplanar og pensum dvs. det elevane lærer gjennom praksis.

det @narkistiske barnet

Notat frå Institutt for Utopisk Pedagogikk (UPED) Første del av ein forelesing om politikk og pedagogikk. Andre del heiter Den Anarkistiske Skulen Skulen sett frå eit barneperspektiv Anarkisme som livsanskuelse. Eg er ein av dei som "lir" av kronisk anarkisme. Det er først i siste at eg har kome ut av skapet og vedgått at eg er anarkist i ideologisk tyding, dvs. frihetlig sosialist, men anarkist i tydinga "skeptisk til autoritetar" har eg vore sidan eg var barn. Det er i denne tydinga eg skal bruka ordet i det som følgjer. I dette ligg det altså ingen ide om verda, men heller ein haldning til det å få idear om verda, og dermed ein haldning til læring og undervisning som ligg nær opp til det vitenskapelige kunnskapsidealet. Min tese er for det første at dei fleste (alle?) barn i utgangspunktet er anarkistar, og at ein slik haldning er både sunn og nødvendig, og for det andre at mange blir avlært sin anarkisme. Dette er et forsøk på å finna årsaken til det. Dei som …