Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2011

Sju ting du ikkje treng gjera

Bilde
Dette var mine nyttårsforsett i 2011, men dei kan gjenbrukast kvart år: 1: Du treng ikkje høyra etter! Høyrer du? For det første treng du ikkje høyra på dei vaksne! Og dei vaksne det er alle autoritetane, fleirtalet, eliten, læraren din, sjefen din, ekspertane, dei som "har greie på det". Dei har sikkert masse fornuftig å sei, men du behøver ikkje å la dei fortelja deg kva som er rett og gale, kva du skal meina og kva du skal gjera. Du behøver ikkje høyra på Jonas Gahr Støre når han fordømmer WikiLeaks, du behøver ikkje å tru på ei regjering som bedyrer at det var kun militære hensyn som gjorde at dei valde det amerikanske flyet og ikkje det svenske. Du treng ikkje la deg lura av nyttårstalene og du må ikkje tru alt som står i avisene. Du står fri til å finna din egen sannhet, din egen retning. Det er du som er sjefen! Du treng heller ikkje høyra på dei små - dei som følgjer motane, trendane, dei som er meir opptatt av kven som har sagt noko, enn kva dei sa. Dei som ikkje