Sju ting du ikkje treng gjera

Dette var mine nyttårsforsett i 2011, men dei kan gjenbrukast kvart år:

1: Du treng ikkje høyra etter! Høyrer du?

For det første treng du ikkje høyra på dei vaksne! Og dei vaksne det er alle autoritetane, fleirtalet, eliten, læraren din, sjefen din, ekspertane, dei som "har greie på det". Dei har sikkert masse fornuftig å sei, men du behøver ikkje å la dei fortelja deg kva som er rett og gale, kva du skal meina og kva du skal gjera. Du behøver ikkje høyra på Jonas Gahr Støre når han fordømmer WikiLeaks, du behøver ikkje å tru på ei regjering som bedyrer at det var kun militære hensyn som gjorde at dei valde det amerikanske flyet og ikkje det svenske. Du treng ikkje la deg lura av nyttårstalene og du må ikkje tru alt som står i avisene. Du står fri til å finna din egen sannhet, din egen retning. Det er du som er sjefen!

Du treng heller ikkje høyra på dei små - dei som følgjer motane, trendane, dei som er meir opptatt av kven som har sagt noko, enn kva dei sa. Dei som ikkje tør sei sin egen meining, for dei har ingen. Du behøver ikkje synast at prioriteringane til små mennesker er rett. Du behøver ikkje synast at det ein eller annan Northug sa på ein pressekonferanse er det viktigaste i verda. Du treng ikkje meina at det er ein menneskerett med bonderomantikk på TV. Du kan heva deg over dette.

Du treng ikkje høyra på deg sjølv - i alle fall ikkje alltid. Du treng for eksempel ikkje høyra på dei stemmene inne i deg som seier at det ikkje nyttar å jobba for fred, for miljøet eller for ei rettferdig verd, at det ikkje er nødvendig, at du ikkje har tid til slikt og at det ikkje er viktig. Dette er ikkje di stemme. Du treng ikkje høyra på slikt.

2: Du treng ikkje feia for egen dør!

Ein del av mine bekjente er "alternative", og meiner at hvis ein bare ein blir eit godt menneske, så blir verda også god, heilt automatisk. Ein fin tanke - men feil. For det første er dette "counterproductive". Ikkje bare er det bortkasta tid, men det ødelegg også evnen til rasjonell tenkining. Get real! For det andre (sjølv om vi går med på at det er viktig å jobba med seg sjølv) så er det verkelig ingen grenser for kor masse og kor lenge vi kan "utvikla" oss. Det ligg i menneskets natur. Så hvis du først må bli ferdig med å bli utvikla, så får du ikkje gjort anna. Bare sjå på prinsesse Mærta. For det tredje: Samfunnet er ikkje urettferdig først og fremst fordi folk er "dårlige" mennesker, men fordi det fins urettferdige lover, reglar og instituasjonar i samfunnet. Kort sagt det som vi kan kalla systemfeil. Og forståelsen av kva som må til for å gjera systemet meir rettferdig får du ikkje av healing! Got that? Altså: du treng ikkje bruka så masse krefter på å "utvikla deg"! På et tidspunkt må du slutta å feia for egen dør. Du treng ikkje komma deg vidare, for du er bra som du er. Og dessuten, kor hadde du egentlig tenkt deg? Vi treng deg her og no - hos oss!

3: Du treng ikkje bli frelst!

Nokre ord om religion må også til her. Eg er ikkje mot religion, men liker lite at den får oss til å venda blikket bort frå denne verda, inn mot oss sjølv, opp mot himmelen eller mot presten og kyrkja. Dessuten er religionen så full av dobbelheter: den preikar nestekjærleik men er likevel full av fordømming - for ikkje å sei halshogging - av annleis tenkjande. Handlar det om å gjera det gode for andre, fordi det gode er ein hensikt i seg sjølv, eller handlar det om å gjera det gode fordi det får deg til å føla deg vel, eller av frykt for represalier i det hinsidige? Mitt budskap til truande er at hvis du verkelig vil gjera det gode, så gjer det då utanfor sekta di, i ein organisasjon som bare har dette som mål, og ikkje noko hinsidigt mål, og ikkje nokon form for skjult agenda. Og gjer det i ein setting som gjer at du kan samarbeida med andre truande og ikkje-truande for dette målet! OK?

4: Du treng ikkje gjera ditt beste!

Alt for mange bruker alt for mykje av sitt vaksne liv på jobben. For å sei det veldig enkelt: jobben gjer ikkje sitt beste for deg. Då treng ikkje du gjera ditt beste for jobben!
Veldig ofte er eit jobbtilbud "eit tilbud du ikkje kan avslå". I ei ideell verd skulle du sjølv bestemma eller vera med på å bestemma kva slags arbeid som treng å bli utført, korleis det skal gjerast og kven som passar best til å utføra det, altså noko i retning av demokrati på arbeidsplassen. Men slik er det jo på ingen måte. Dermed må vi alltid spørja oss: Det eg gjer no, kven er det til beste for? I beste fall er det både til det felles beste og for den enkelte, og kanskje for landet eller lokalsamfunnet. I verste fall er det bare til beste for bedriften sjølv og dei som eig bedriften.

Det fins uendelig med eksempel på arbeid som ikkje burde ha blitt gjort, ting som ikkje burde ha blitt laga. Kanskje er du enig i at klasevåpen er ein av disse tinga. Tenk deg då at du jobbar i ein fabrikk som produserer klasevåpen, og at det var den einaste jobben du kan få. Skulle du ha takka nei? Eller skal du bli i jobben, men uten å gjera ditt beste, med den begrunnelse at då vert det litt mindre elendighet i verden? Eller skal du gå lengre, feks ved at du fjernar tennmekanismen i somme av våpena? Dette er ikkje bare filosofiske spissfindigheter, for mange jobbar har slike dilemma. Det kan likna på tilfellet over, ved at din arbeidsplass ikkje arbeider mot det målet som er ditt. Og du har ingen innflytelse på det, for arbeidsplasser flest er diktaturer. Men det mest åpenbare er at bedriften sin interesse er at du arbeider så hardt som overhode mulig, mens di interesse er å ta vare på deg sjølv og dine medmennesker. Du skal ha krefter til viktigare ting. Altså er det opplagt at ingen treng gjera jobben sin så godt som mulig.

5: Du treng ikkje vera flink!

For mange er dette farlige tankar, for vi er jo oppdradd til å gjera vårt beste og jobba hardt.Vi er blitt det eg kallar for flinkistar - mennesker som set andre (jobben etc) sin etikk over egen. Kvifor har det blitt slik? Eit av svara er at kostnaden ved å ikkje følja straumen kan bli veldig høg: du kan bli uglesett, mista "kred", mista venner, mista muligheter til forfremming og lønnsopprykk. Ja, det lønner seg oftast å leika med maktfolka, å snakka makten sitt språk, vera "proaktiv" osv. Men du treng ikkje! Om du ikkje akkurat ser deg i stand til open konflikt, så prøv heller på noko av dette: Stel litt tid (til andre aktiviteter, kanskje kan du jobba politisk eller i fagforeningar?) Vær litt sand i maskineriet, og om du likevel vil smiska med sjefen så gjer det med lygekryss og le bak ryggen på han. Husk også å misbruka jobben sine kopimaskiner og internett så ofte du kan!
Også privat er det mange ting du kan slappa av på. Spør deg sjølv eg bruka så masse tid på å bli flink i Birken i år? eg verkelig bli 15 kg lettare i år, held det ikkje med 10? eg kjøra ungane på absolutt alle aktivitetane, kan dei ikkje gå sjølv? (eller dei vera med på alt? Treng ikkje dei også tid til å kjeda seg?) eg bli best i klassen? Må eg ha ny bil? Og så håper eg at svaret er nei!

6: Du treng ikkje vera snill!

Storsamfunnet eller demokratiet eller nokon har visstnok bestemt (sjølv om eg ikkje kan sjå kor det er nedfelt i loven) at feks. det å produsera bilar er bra. Generelt meiner "vi" tydeligvis at konsum er bra, og jo meir jo betre. Men det treng jo ikkje du vera enig i. I så fall behøver det ikkje vera gale å ha litt private gå-sakte aksjonar på jobben. Hvis du lurer på om det er gale, så spør kven er det som lider av at du gjer det? Slikt er ikkje så enkelt å svara på. Hvis din handling fører til at din arbeidsgivar må sei opp folk, så fører det kanskje til at andre kan ansetta fleire? Kanskje fører det til lavare produktivitet og lavare forbruk, men det var vel akkurat det som var formålet, var det ikkje? Økonomisk teori seier at vi alle er rasjonelle (les egoistiske) aktørar i eit marked. Dette er bare nonsens, men det er slik systemet vil ha oss til å vera. Og kva er då meir rasjonelt enn at vi ikkje bare brukar vår makt som forbrukarar, men også som produsentar?

Poenget mitt er ikkje at du skal gjera noko du sjølv syns er gale. Poenget er at hvis du faktisk meiner det er rett, så treng du ikkje la reglane hindra deg. Det kan saktens vera at mulig straff hindrar deg, og det kan vera mange andre ting som hindrar deg, men du treng ikkje følja alle lover og alle reglar heile tida. Du kan streika, du kan aksjonera og driva med sivil ulydighet. Du kan varsla om du meiner at det er rett. Du treng slettes ikkje vera så stille, du kan godt bråka litt, og du kan gjerne ropa høgt hvis du opplever urett, Du treng i det heile ikkje vera så forbaska snill!

7: Du treng ikkje vera redd!

Kanskje syns du dette virkar farlig. Og ofte lar vi vår egen angst stå i veien for det vi vil. Men det er ikkje nødvendig. Du treng ikkje bekymra deg for framtida for det hjelper ikkje likevel! Og som regel skjer ikkje det du er redd for uansett. Du treng ikkje vera redd for kva andre meiner. Du behøver ikkje å bry deg om taktikk, intriger og spill, og du behøver ikkje vera enig i det som fleirtalet seier. Ofte er det bare eit innbilt fleirtal likevel. Og kanskje kan du snu fleirtalet?

Og så treng du ikkje ha dårlig samvittighet! Dårlig samvittighet er den beste vaksine mot å få gjort noko. Tru meg! Poenget er at vi treng ikkje prøva å vera heltar. Min store helt er Noam Chomsky, som utrøttelig kjempar mot makta. Men eg kan på ingen som helst måte vera som Chomsky. Eg kan ikkje nok, eg er ikkje så uthaldande, eg er ikkje så skarp i toppen osv. Men eg kan gjera bittelitt. Og kanskje bittelitt til. For bittelitt er så uendelig mykje betre enn ingenting. Du treng heller ikkje ha dårlig samvittighet for å gjera noko gale. Feil kan rettast opp, og feil kan bli tilgitt. Ver ikkje redd.

Konklusjon:

OK, så treng du kanskje ikkje høyra på meg heller då! Kanskje er du faktisk uenig i det meste av det eg har sagt? Men det er ikkje heller min hensikt at vi skal vera enige. Og husk at eg dessuten ikkje har sagt at du ikkje skal vera snill og flink og lovlydig! Poenget mitt er at du treng ikkje! Det betyr at du må sjølv ta stilling. Du er sjefen!

Godt nyttår!

Kommentarer

  1. Er stort sett enig i det meste du seier Gunnar! Men er litt usikker på det du seier om at "du treng ikkje feie for eigen dør", contra det du avslutningsvis seier om at "alle kan gjera bittelitt". Er det ikje det dei prøver på, dei som feiar for egen dør?

    SvarSlett
  2. Nei, eg meiner at alle kan gjera bittelitt for samfunnet, men hvis vi heile tida må meditera og bli heala etc først, så kjem vi aldri så langt som til å gjera noko nyttig for andre!

    SvarSlett
  3. Jævli bra oppsummering, Gunnar. Særleg konklusjonen. Mest så ein får lyst til å klippe den ut og henge den på veggen! (Men ser at du har funne andre vegar i nynorskens skog enn dei eg brukar å vandre på - det er sikkert lov det óg)

    SvarSlett
  4. Hvor stort problem/hvor mange er det Egentlig som driver i den healing/mediteringsbransjen slik at de ikke bidrar til noe annen nytte?

    Uansett så er hvert levende individ en forbruker; mat må man jo ha...
    Mener man kan kombinere tro og liv i salig mix jeg.
    Folk velger sitt "dop" okke som og de gjør det som sin rett siden dem er sjefen ; )

    Tenk hvor absurd det er med feks røyking; Vitenskapelig bevist(ingen tro) at det finnes absolutt INGEN helsegevinster/goder for å røyke...likevel..
    Mennesker er ikke vel bevarte; hvorfor anstrenge seg å redde denne destruktive arten?

    Tenk om det hele ligger i språket...?

    Klem fra "Sjefen sjøl" ; )

    SvarSlett
  5. Trur folk brukar ENORMT med tid på alternativbransjen. Og gitt at mange av dei er i ei eller anna tidsklemme, så trur eg at det er MASSE krefter som kunne vore brukt meir konstruktivt. Kjen tilbake til dette ganske snart!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

det @narkistiske barnet