Innlegg

Viser innlegg fra august, 2012

Fiender av Staten

Bilde
Proskripsjon: Den romerske diktatoren Sulla lagde i sin tid ei liste over dei som han meinte var statens fiendar. Denne lista vart publisert på Forum Romanum, og dei som sto på lista vart ved dette fråteke sitt romerske borgerskap og all beskyttelse frå loven. Vi har visst ikkje kome så mykje lenger i dag. Julian Assange og Pussy Riot er visst så farlige at makta bruker alle midlar for å stoppa dei. I England vurderer politiet å angripa Ecuadors ambassade for å henta ut Julian Assange som har søkt asyl der, og i Russland riskikerer tre av medlemmene av punkegruppa Pussy Riot sju års fengsel for å ha sunge ein song, Kva har jentene gjort for å fortena dette? Jau, den 21 februar fremførte Pussy Riot protestsangen "Jomfru Maria, frels oss frå Putin" i Kristus Frelseren-katedralen i Moskva. Der kritiserte dei den støtten som Putin får frå patriarkane i den russisk-ortodokse kyrkja. Maria Alekhina, Ekaterina Samutsevich og Nadezhda Tolokonnikova er no anklaga for «hooliganism