Innlegg

Viser innlegg fra september, 2012

Anarkismen som holdning og idebank.

Bilde
  For å unngå dei verste misforståingane om kva underskrivne egentlig står for skal eg kort gjera rede for mine tankar om kva det betyr å vera ein anarkist i betydningen frihetlig sosialist. Eg betraktar disse to begrepa som overlappande, og det er i den overlappen eg befinn meg. Eg gir meg derfor ikkje ut på å definera eller forklara anarkismen i sin fulle bredde. For meg handlar det enkelt og greit om frihet, demokrati og rettferdighet. Det er også mulig at mange anarkistar vil benekta at underskrivne er anarkist, på samme måte som mange sosialistar har sagt at eg ikkje er sosialist! I så fall skal eg ikkje insistera på å vera nokon av delene. La oss diskutera verda, ikkje orda. Anarkistar er veldig glad i å teoretisera, og det er eg og, men sidan anarkismen mildt sagt er marginalisert og knapt nok har vore realisert nokon stad i historien, er det frukteslaust å markedsføra den som ein politisk pakkeløysing. Derfor vil eg her hevda den oppfatning at anarkismen først og fremst må vera