Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2013

Avdeling B

På ein ikkje nærare bestemt stad, muligens på vestlandet, finn vi Avdeling B. Med ujevne mellomrom vil denne blogg bringa referat frå avdelingens liv og lagnad. Dette har skjedd så langt:

MIXED JAKSTART:

Etter ein kampvotering på Krokryggen gamleheim, avdeling B, førte eit forslag på institusjonens årlige idrettsting om å innføra såkalt "mixed jaktstart" i langrenn, til heftig debatt. Med henvisning til Ingebriktsen-saken meinte fhv. gravar, Kjerand Kvanndalsbrekke at det ville føra til uholdbare tilstandar ute i løypa, mens motpartens talsmann, lagerarbeidar Peder Pallejekk på sin side meinte at det nettopp ville innføra nye spennande element til skisporten. Partane står langt frå kvarande.
"Der står saken"- som ordstyrar Reidulv Rakkestad konkluderte, hvorpå syerske Henriette Bohms-Rasmussen, for anledningen referent, repliserte "upassende språk" og strauk bemerkningen.

VISJONAR PÅ NYE KROKRYGGEN:

Etter ein debatt for og mot høydehus på Nye Krokryggen Gam…

Innovativt på avdeling B

Svenske gav støtet til ny teknologi!

Etter stockholmaren Svante Sveavägen (frå Stureplan) sitt noko overraskande kommunike onsdag, der han forkynte at han stilte seg til disposisjon for dei Svenske servitørstyrkane i Mali, vart det tydelig for fleire enn romkameraten at Svante hadde redusert kapasitet, både på opplasting og nedlasting. Det positive i dette var at han dermed kunne brukast for kalibrering av fhv. telemontør Svein Aksel Modem sin revolusjonerande nye app for måling av mental båndbredde.

Resultata for heile Avdeling B foreligg no, men er konfidensielle og skal kun brukast til å konfigurera breibandsforbindelsane på romma. Men for testformål brukte også Modem appen på ei rekke offentlige personar. Resultata for disse er fristilte, og vi bringer dei her i utdrag. I parentes er også den konkrete konfigurasjonen som dei er sett opp med.

H/H:
Jonas Gahr Støre og Thomas Hylland Eriksen (begge med all tilgjengelig kapasitet inn og ut)

H/L:
Kåre Willoch (Alle kanalar inn, "Deb…

Ein dag skal vi alle gå i dongeri og Palestinaskjerf

"KONDOLERER" sa eg til ein dystert utsjåande mann som steig på bybanen på Wergeland med svart dress og svarte render rundt augene. "Kva meiner du?", spurde han. "Du skal i begravelse, ser eg. Var det ein nærståande?" sa eg. "Nei du misforstår, eg er berre i det private", sa han sorgtungt. "Det var leit å høyra", prøvde eg meg. Då brast det for stakkaren. "Du anar ikkje kor jævlig det er å gå i denne uniformen du! Dag ut og dag inn med slips og buksepress! Eg vil helst gå i dongeri, for det er det religionen min seier. Men det går ikkje, for eg sit på kontor! Eg vil ikkje meir, eg orkar ikkje dette, eg vil bort! Men så har eg berre denne helsikes BI-diplomen, så eg er stuck! Faens ulukke! Høyrer du? For ein parodi av et liv!" "Kva religion er det du tilhøyrer?", spurde eg forsiktig. "Eg er ... sosialist", mumla han, medan han skulte mot høgre.

Eg forsto. Eg stramma meg opp, såg han inn i svartaugene og sa, …