Ein dag skal vi alle gå i dongeri og Palestinaskjerf

"KONDOLERER" sa eg til ein dystert utsjåande mann som steig på bybanen på Wergeland med svart dress og svarte render rundt augene. "Kva meiner du?", spurde han. "Du skal i begravelse, ser eg. Var det ein nærståande?" sa eg. "Nei du misforstår, eg er berre i det private", sa han sorgtungt. "Det var leit å høyra", prøvde eg meg. Då brast det for stakkaren. "Du anar ikkje kor jævlig det er å gå i denne uniformen du! Dag ut og dag inn med slips og buksepress! Eg vil helst gå i dongeri, for det er det religionen min seier. Men det går ikkje, for eg sit på kontor! Eg vil ikkje meir, eg orkar ikkje dette, eg vil bort! Men så har eg berre denne helsikes BI-diplomen, så eg er stuck! Faens ulukke! Høyrer du? For ein parodi av et liv!" "Kva religion er det du tilhøyrer?", spurde eg forsiktig. "Eg er ... sosialist", mumla han, medan han skulte mot høgre.


Eg forsto. Eg stramma meg opp, såg han inn i svartaugene og sa, "Kamerat. Du skal bli fri frå denne byrda, og eg skal hjelpa deg. Slik eg seier til alle mine, seier eg også til deg: så lenge du er rein i sinn og rein i tankar, så skal ikkje kledebunaden hindra deg i å komma til himmelen. Det står ingenting i skriftene at du må ha t-skjorte og slitte olabukser! Det ser ikkje pent ut det du går i, det vedgår eg, men hverken Marx eller Bakunin har forbudt dette svarte, glatte stoffet, eller den rare tingen du har rundt halsen!" Han såg forvirra på meg. "Men klanen min ... alle kameratane mine... dei ser ned på meg. Dei seier at ein ekte sosialist går ikkje i dress!". No storgret han. "Du må vera sterk, kamerat!", sa eg. "Vi treng sosialistar i alle yrkjer. Du er sikkert den einaste av oss med BI-diplom, ja kanskje den siste i det private, og eg forstår at du har det vanskelig. Men vi treng at du er der du er, og arbeider for ei betre verd!"

Dette rimte, og gråten hans stogga, og han pusta synleg lettare. "Meiner du at eg er god nok som eg er? Kan eg vera revolusjonær i dette?" spurde han og dingla med slipset. "Ja, min venn. Bare husk at du ikkje skal la andre tolka skriftene for deg. Du må tolka dei sjølv!" sa eg, men la til: "men eg vil tolka med deg. Eg vil tolka med deg". No var vi komne til Byparken, og han var  oppglødd og stram i kroppen då han gjekk ut i den ulne Bergenska vinterlufta. "Eg trur no!", sa han, "Eg trur at det berre er eg som bestemmer korleis eg skal tru. Og eg trur at det skal komma ein dag då det ikkje er høg eller lav, ikkje rik eller fattig! Og alle skal kunna kle seg som dei vil!". "Ja!" ropte eg etter han gjennom skodda. "Ein dag skal vi alle gå i dongeri og Palestinaskjerf!"

Les også: Politi-imam nektes uniform i tjeneste, og Politiskaut


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

det @narkistiske barnet