Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september, 2013

Det er håplaust, og vi gir oss ikkje!

Fattigmanns trøst i ei blå tid. I forrige blogg skreiv litt eg om Koffor eg stemmer Rødt. No har vi fått resultatet: det er håplaust. Og vi gir oss slett ikkje! Men vi som stemmer sosialistisk har likevel, eller kanskje nettopp derfor, behov for forstå koffor det gjekk som det gjekk. For hvis ikkje vi forstår det, så kan vi lett tenkja at dei fleste i Norge enten er dumme eller egoistiske eller begge deler på ein gong. Og om det kan sikkert vera noke i det, så kan vi ikkje byggja vår argumentasjon på det. For då er politikken død. Vi har altså eit forklaringsbehov:
Koffor i alle dagar stemmer mange presumptivt oppegåande mennesker blått?

Eg trur svaret er todelt: for det første er Norge i ein spesiell situasjon, historisk og  geopolitisk: vi er eit land av fullt av kapitalistar. Det andre har samanheng med det spørsmålet som eg avslutta forrige blogg med: (og no retta like mykje til oss sjøl). Trur vi, som Habermas, på "kraften i de gode argumenter", eller trur …