Eit halvt år frå livet til Malte Spitz

Den tyske politikaren Malte Spitz (miljøpartiet) klarte å få utlevert seks månader av sine teledata frå den tyske telegiganten Deutsche Telekom. Dataene vart så gitt til ZEIT ONLINE som kombinerte lokaliseringsdata med offentlig tilgjengelig informasjon frå Twitter, blogging og andre webstader til ein animasjon som viser kor Malte var (nesten) til ein kvar tid, og (ofte) kva han gjorde på dei ulike stadene.

Nedanfor er eit stillbilde av korleis det ser ut. Du kan sjå korleis dette fungerer i praksis hos Zeit.  Tenk deg no at ein ikkje bare har tilgjengelig disse dataene, men også kredittkort- og kontoopplysningar mm. så har ein eit ganske komplett bilde av livet til Malte Spitzz, eller kven som helst. Dette bildet kan om nødvendig fyllast ut med overvåkingsdata frå utallige videokameraer med teknologi for ansiktsgjenkjenning, eller avlytting av telefonsamtaler, meldingar- og epostar mm. Tenk deg vidare at alle disse dataene frå enkeltpersonar kan koblast saman med data om andre personar, og grupper. Det betyr at ein kan fort (dvs i sanntid) oppdaga om ei definert gruppe plutselig begynner å møtast mm.

Men korfor skal ein? Som eg har skrive om før (Terroradministrasjonen) så er eit av bruksområda for slike data å overvaka og blanda seg inn i politisk aktvisme som Occupy-bevegelsen og tilsvarande antikrigs-, miljø- og andre grasrotorganisasjonar. Hensikten er tydeligvis å skremma eller obstruera motstanden mot US sin politikk ute og heime. Gjennom dei nye terrorlovgivningen blir slik no lett definert som terrorisme. Og skremmande er det.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

det @narkistiske barnet