Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2014

Miranda ofrast i krigen mot terror

- Når du applauderer for at rettane hans [Dzhokhar Tsarnaev] forvitrar. så applauderer du for at dine egne [også] forvitrar.     Glenn Greenwald. 15 april 2013 eksploderte to bomber i målrområdet under Boston Marathon. Tre personar vart drept og 144 skadd, mange av dei alvorlig. To brødre, Dzhokhar og Tamerlan Tsarnaev, vart tidlig mistenkte for å stå bak, og Tamerlan vart drept av politiet i ein skyteepisode bare tre dagar etter eksplosjonen. Den andre broren, Dzhokhar, vart arrestert den 19 april, og har sidan den gong vore i politiets varetekt i påvente av ein rettssak. Dette skal ikkje handla om Dzhokhar, eller kva han gjorde, men om kva prinsipp ein rettsstat må byggja på i slike tilfelle.

Alle som har sett minst ein episode av ein amerikansk krimserie veit at når det amerikanske politiet pågrip ein person, så må dei passa på 1) at personen ikkje dunkar hovet i døropningen på politibilen, og 2) at han eller ho får lest opp alle rettane sine. Det første er nok mest for tv, men det…

Terroradministrasjonen

NB: Dette er ein reposting av ein artikkel på Radikal Portal. GØ. USA kan kritiserast for å bedriva like mykje terrorisme som dei organisasjonane dei bekjempar på framand jord. Men også på eigen jord. Etter kvart som handlingane til NSA og andre statlige byrå blir avslørt og dei utvida fullmaktene som dei gir seg sjølv gjennom Patriot Act og dei andre terrorlovene kjem fram i lyset, teiknar det seg eit stadig tydeligare bilde av ein administrasjon som også driv terror mot sitt eige folk. Ikkje gjennom å bryta loven, men gjennom å endra og omfortolka den. Terror, slik US ser det I 2002, ikkje lenge før USA gjekk til storoffensiv mot Irak med teppebombing av Bagdad gjekk tre nonner til «angrep» mot USA. Dominikanarsøstrene Ardeth Platte, 66, Carol Gilbert, 55, og Jackie Hudson 68 braut seg inn i ein utskytingsrampe for Minuteman raketten, og teikna med sitt eige blod eit kors på rakettsiloen. Sjølvsagt vart dei umiddelbart lagt i lenker, og slik fekk dei liggja i tre timar. Deretter vart …

State of Obama

Kvart år held US president ein tale kalla "State the Union" - unionens tilstand. Men sidan den amerikanske presidenten får stadig meir makt, og - hvis ein skal tru Dagbladet - blir stadig betre til å halda taler, så burde den kanskje heller bli kalla Obamas Tilstand? For talen, og analysen av talen, fortel like mykje om presidenten som om landet.  - En tale fra Obama er som SEX skriv før nevnte blekke, og siterer med det ein republikansk rådgivar. Javel? Ja, kanskje er det heilt på sin plass å "anmelda" talene til Obama på denne måten? Vi skulle jo likt at den handla om viktige geopolitiske spørsmål - at det var ein tale verdt å lesa. Men så er det det at mannen er jo ein skuespelar og performance-kunstnar som går sjøl Ronald Reagan ein høg gong. Sjølve talen er lag på lag med sjølskryt, og inngår i administrasjonens lag på lag med bortforklaringar, fortielsear og løgner om kva dei egentlig driv på med.
Og no: Kshama Sawant Om du vil kan du lesa heile t…