Det amerikanske voldsapparatet:


Dessverre ingen aprilspøk

1 april 2014, nådde meldinga meg om at uteliggaren James M. Boyd. for to veker sidan vart skoten og drepen av politiet i byen Albuquerque. Årsaken? At han var uteliggar. Han hadde slått leir på eit område der dette ikkje var lovlig. Det høyrest ut som ein aprilspøk, men er det dessverre ikkje. Heldigvis har ikkje reaksjonane uteblitt. Hackergruppa Anonymous utførte nylig eit såkalt ddos angrep på politiets webside som førte til at den gjekk ned, og  hundrevis har teke til gatene for å protestera men vart møtt med tåregass av politiet.


Politiet hevdar nedskytinga av Boyd var sjølvforsvar, (kanskje er det dette som er aprilspøken?) men for alle andre er det klart at dette er ein utenrettslig avretting. Avisa Independent skriv at dette ikkje er noko nytt for innbyggjarane i Albuquerque. Sidan 2010 har politiet vore involvert i 37 skyteepisodar. Av desse fekk 23 dødelig utgang, Ifølge gruppa  ProgressNow, skaut byens politi ned fleire mennesker enn politiet i New York gjorde. Og det til tross for at NY er 16 gonger større.

Kvar månad blir fleire titals personar drept av politiet i USA. I 2013 rapporterer Wikipedia at 309 vart drepne. Men talet er antagelig betydelig større, sidan myndighetene sjølv ikkje finn det bryet verdt å samla inn slike data. Jim Fisher har derfor samla inn data på egen hånd og tala hans viser at det i 2011 var 1146 mennesker som vart skotne, av disse vart 607  drept.

Tala viser også at Katie Rucke har sitt på det tørre når ho seier at sidan 9/11 har politiet drept meir enn 5000, for kanskje er det rette talet over dobbelt så stort. Og vi kan også vera enige i konklusjonen hennar: politiet er farligare for folk flest enn terroristar.* Mike Prysner, som jobbar for gruppa ANSWER meiner at utviklingen nærmast er epidemisk, og at mykje av politivolden er rasistisk motivert.

Sjølsagt handlar også dette om litt om US sine våpenlover. Men det stikk djupare. Politiet i US er blitt til paramilitære hevdar Freedomoutpost. Og årsaken, meiner dei, er dei såkalte krigane mot narkotika og mot terror. I dag blir SWAT-teams, som egentlig er enheter spesialtrent for langt farligare og vanskeligare situasjoner, som terrorisme, gisselsituasjoner, bevæpna gjerningsmenn, brukt i stadig støtte utstrekning der det påståtte lovbrotet er lite. Ofte blir folk jaga ut av heimane sine uten rettsordre, ulovlig ransaka og heimane gjennomsøkt, også dette ulovlig. 5 august 2005 raida eit slikt team heimen til Anthony Diotaiuto i Sunrise, Florida. Dette var basert på anonyme tips og eit angivelig salg av ett gram marihuana. 45 min seinare låg Diotaiuto død, drept av ti kuler til hovet og kroppen. SWAT team har også vore brukt mot organisatorane bak Occupy-begvegelsen, og andre aktivistar, ofte under påskudd av narkotikabesittelse eller liknande. Eit eksempel blandt mange er Sahara Donahue.

Dette viser at krigen mot narkotika og terror handlar om noko heilt anna enn det det gir seg ut for. Noam Chomsky meiner at når ein ser på historien er det klart at det er når stoffbruk blir assosiert med dei såkalt farlige klassane at det blir kriminalisert. Krigen mot narkotika er ein form for sosial kontroll, meiner han. Den økonomiske politikken i US er egentlig den rike versjonen av strukturtilpassing, og skaper ein overflødig befolkning, som i US hovedsakelig er fattige, svarte og spansketta, og ein mykje større  befolkning som er misfornøyde, seier han og konkluderer:
"Hvis folk flest enten er misfornøyde og andre er ubrukelige, så vil du bli kvitt dei ubrukelige og skremma dei misfornøyde."


NOTER

* Faktisk er det meste farligare for US borgarar enn terroristar.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

det @narkistiske barnet