Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2014

The Point of No Return

Du har sikkert høyrt historien om frosken på kokeplata: ein frosk som blir putta opp i kokande vatn vil hoppa ut umiddelbart. Men puttar du den opp i ei vatn som har passelig temperatur, så blir den. Aukar du så temperaturen gradvis, så syns den fremdeles temperaturen er passelig. Den tilpassar seg altså - og blir. Heilt til det er for seint. Når den ikkje lenger syns temperaturen er passelig, er den i ferd med å bli kokt, og klarer ikkje hoppa ut. Lenge har dette vore eit bilde på korleis klimaet nærmar seg eit Point of No Return. Kanskje har vi nådd dette punktet allerede? Dei siste meldingane om issmeltinga i Antarktis kan tyda på det.

Men bildet kan også vera passande å bruka på situasjonen for demokratiet i dag. Som Glenn Greenwald skriv i si nye bok, har målet til makta vore å vita absolutt alt som skjer på nett, alt du skriv på alle kanalar frå personlig epost til FB. Dei ville, som dei sjøl sa, "registrera, lagra, overvåka og analysera all elektronisk kommunikasjon frå a…