Gå til hovedinnhold

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria


Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alvorlig augeproblem som gjorde at han måtte gå med mørke briller, og som reduserte synet hans. Han var ikkje bare synshemma men også lyssensitiv og måtte derfor vera innandørs så mykje som mulig, og han var ofte åleine. Han var vane med å bedømma dei han snakka med etter aksenten og stemma. Deraa-aksenten er distinkt. Alle som brukte å gå i Omari-moskeen var lokale folk, som snakka den vanlige aksenten. Men dei besøkjande frå Libya presenterte seg ikkje for han, ettersom det ville ødeleggja forkledningen deira. I staden arbeidde dei med lokale menn som var utplukka nøkkelpersonar som dei bearbeida til å bli partnarar og fortrolige. Å få med seg lokale tilhengjarar av det Muslimske Brorskapet, som kunne assistera dei framande libyske leigesoldatane / terroristane, var ein vesentlig del av CIA-planen som var utforma og iscenesatt frå Jordan.
Med hjelp av dei lokale salafistane kunne libyarane bevega seg rundt i Deraa uten å tiltrekkja seg mistanke. Dei lokale mennene var fronten i denne operasjonen.

CIA-agentane som styrte operasjonen frå sitt kontor i Jordan haddde alt skaffa dei nødvendige våpen og pengar som trengtes for å tenna revolusjonens flammer i Syria. Med tilstrekkelig pengar og våpen kan ein starta ein revolusjon kor som helst i verda.
I verkeligheten var ikkje opprøret i Deraa i mars 2011 antent av grafitti skrivne av tenåringar, og det var ingen sinte foreldre som forlanga at ungane deira skulle bli sett fri. Dette var del av et Hollywood-style manuskript som var skrivne av talentfulle CIA-agentar med eit oppdrag: å øydeleggja Syria for å skaffa regime-endring. Deraa var bare første akt i første scene.
Det faktum at dei påståtte tenåringane og deira foreldre ikkje har vore å finna, aldri navngitt og aldri avbilda er det første tegn på at identiteten deira er innhylla i mørke.

Alle opprør treng støtte frå grasrota. Vanligvis er det ein situasjon som oppstår, og folk tar til gatene for å protestera. Sikkerhetsstyrker blir tilkalt for å  sikra fred og tømma gatene, og hvis uroen blir brutalt slått ned, på vil ellers fredelige demonstrantar reagera med sinne, og når dei føler seg undertrykte vil antalet i gatene auka. Dette er tidspunktet då gateprotestar kan ta to ulike retningar: enten vil demonstrantane bøya av og gå heim, eller så vil dei reagera med vold, som så vil bli møtt med ytterligate vold frå sikkerhetsstyrkane, og scenen er satt for eit fullvakse opprør.
Det iscenesette opprøret i Deraa hadde nokre lokale i gatene som ikkje visste at dei deltok i ein CIA-Hollywood-produksjon. Dei var ubetalte statistar på scenen som skulle bli skotne. Disse uvitande statistane hadde sine grunnar for å protestera, kanskje frå ein generasjon eller meir tilbake, og kanskje med rot i wahhabismen, som er ein politisk ideologi eksportert til verda frå kongeriket Saudi-Arabia, frå kongefamilien og deira betalte representantar.

Libyarane lagra våpen i Omari-moskeen lenge før ryktene spredde seg om tenåringar som vart arrestert for grafitti. Imamen, som var gammal og synshemma, visste ingenting om det som skjedde i moskeen hans, eller om dei framande infiltratørane.
Våpena kom til Deraa frå CIA-kontoret i Jordan. Den amerikanske regjeringa har nære forbindelsar til kongen av Jordan. Jordan er 98% palestinsk, men har likevel lenge hatt ein fredsavtale med Israel, til tross for det faktum at 5 millionar av dei jordanske borgarane sine slektningar i det okkuperte Palestina er nekta ein kvar form for menneskerettar. Kongen av Jordan må daglig gå på stram line og balansera fred og sikkerhet i landet sitt med USA sine interesser og prosjekt i Midt-austen. Kong Abdullah er ikkje bare ein linedansar men også ein sjonglør. Og det må vera eit stort press mot han og dronning Rania, som sjølv er palestinsk. Disse fakta må sjåast på bakgrunn av at den Syriske Arabiske Republikken har hatt menneskerettar, fred og rettferdighet for det palestinske folket som ein av sine hjørnesteinar i sin politikk, både innanriks og utanriks.

Den amerikanske planen om å angripa Syria for å skaffa regimeskifte handla ikkje bare om oljeledningar, oljekjelder, Syria sin strategiske situasjon eller Syria sitt gull. Den handla like mykje om å knusa denne hjørnesteinen som er Palestina sine rettar. Å kvitta seg med president Bashar al Assad var det same som å kvitta seg med ein av dei få arabiske leiarane som er ei stødig stemme for dei palestinske rettane.

Deraa sin plassering, rett ved grensa til Jordan er den einaste grunnen til at den var valgt som location for å skyta første akt av "Det syriske opprøret". Hvis du spør syrarane om dei har vore, eller planlegg å dra til Deraa, vil dei fleste svara nei. Det er ein liten og ubetydelig jordsbruks-landsby. Dette er ein veldig usannsynlig stad å starta ein landsomfattande revolusjon. Deraa har historisk betydning på grunn av sine arkeologiske ruinar, men det er ukjent for alle utanom historieprofessorar eller arkeologar. Tilgangen til våpen frå Jordan gjorde [derimot] Deraa til ein perfekt stad å iscenesetja opprøret, som i dag har utvikla seg til ein internasjonal krig.

Eit kvart fornuftig menneske ville anta at eit opprør eller ein revolusjon i Syria ville begynna i Damascus eller Aleppo - dei to største byane. [men] Sjøl etter to og et halvt år med vold rundt om i landet har befolkningen i Aleppo aldri deltatt i opprøret eller ropt om regimeendring. Aleppo er Syria sitt industrielle kraftsentrum, og ville ikkje ha noko med CIA sin misjon å gjera. Dei følte at ved å halda seg unna deltakelse, så kunne dei sparast, og at voldshandingane etter kvart ville dø av seg sjølv på grunn av manglande deltakelse frå sivile. Men det var ikkje slik ting skulle utspela seg for Aleppo.  I staden inviterte den Frie Syriske Armeen, som i hovedsak kom frå Idlib og omland, sine utanlandske partnarar, og dei kom strøymande inn frå Tyrkia, der dei hadde tatt Turkish Airlines frå frå Afghanistan, Europa, Australia og Nord-Afrika, landa i Istanbul og deretter var frakta med bussar eigd av den tyrkiske regjeringa til grensa mot Aleppo. Flybillettane, bussane, betaling, forsyningar, mat og medisin - alt var ordna av folk frå Saudi-Arabia. Våpena kom frå USA sine lager i Benghazi i Libya. US og NATO sin operasjon for regimeendring hadde vore ein suksess i Libya, og USA hadde overtatt alle våpen og lager etter den libyske regjeringa, inkludert tonnevis av gullbarrar som US tok frå den libyske sentralbanken.

Enter libyarane på høgre scene: Mehdi al Harati, libyaren med irsk pass, vart sett til å styra terroristbrigaden i Libya, alt betalt og styrt av CIA. Straks kampane der stansa, vart han overført til nord-Syria, i Idlib-området, som var basen for den amerikanskstøtta Frie Syriske Hæren, som den republikanske senatoren John McCain lobbya for i den amerikanske kongressen, og personlig besøkte, og som ulovlig tok seg inn i Syria uten pass og grensekontroll. I Arizona, er senator McCain tilhengjar av deportasjon av alle ulovlige innvandrarar til USA, mens han sjøl braut internasjonal lov ved å koma inn i Syria som ulovlig og udokumentert framand. Men han var blant pålitelige venner og arbeidskameratar, den Frie Syriske Hæren: dei same menn som halshogde kristne og muslimar, som voldtok kvinner og barn av begge kjønn, selde jenter som sex-slavar i Tyrkia, og åt den rå levera til ein mann, noko dei stolt filma og lasta opp.

Tidligare hadde ikkje Syria nokon Al Qaeda-terroristar, og hadde kome seg gjennom krigen i Irak uten for store skader, bortsett frå å ha teke i mot 2 millionar irakarar som flykta. Kort etter at det regisserte Deraa-opprøret starta, var Brad Pitt og Angelina Jolie i Damascus, og vart kjørt rundt av presidenten og førstedama. Pitt og Jolie hadde kome for å besøkja og støtta dei irakiske krigsflyktningane i Damascus. Brad Pitt vart forbløffa over at den syriske presidenten kunne kjøra han rundt personlig, uten sikkerhetsvakter eller sikkerhetsopplegg. Pitt og Jolie var vane med sitt eige sikkerhetsteam i USA. President Assad forklarte at han og kona hadde roen i Damascus, ettersom dei visste det var ein trygg plass. Ja, foreningen av franske reisebyrå hadde jamvel vurdert Syria som den tryggaste turistdestinasjonen i heile middelhavet, men andre ord sikrare enn Frankrike sjølv.

Men strategien til USA var å skapa eit "nytt Midtausten", som skulle gjera slutt på Syria sin sikkerhet gjennom å setja i gang ein tornado, også kjent som "endringens vind".
Tunisia, Libya, Egypt og til slutt Syria var steg på veien i "den arabiske våren". Men det syriske spelet heldt seg ikkje til manus. Det overskridde både budsjettet og deadlines. [men] Rulleteksten har endå ikkje starta, og teppet har endå ikkje falle.

Vi kan ikkje undervurdera den rollen main stream media har spelt i destruksjonen av Syria. For eksempel var Rula Amin frå Al Jazeera i Deraa og personlig intervjua imamen Ahmad al Sayasneh i Omari-moskeen. Al Jazeera er statseigd, og drive for prinsen av Qatar. Prinsen av Qatar var ein av dei viktigaste inntektskjeldene til terroristangrepet på Syria. USA sendte våpen, forsyningar og militære satelittbilder, men pengane for å bestikka Tyrkia, og alle andre utgifter der ein trengte håndpengar, vart utbetalt av prinsen av Qatar og kongen av Saudi-Arabia, som spelte sine rollar som USA sine næraste allierte i Midtausten. Dette var ein samproduksjon beståande i hovedsak av USA, EU, NATO, Tyrkia, Jordan, Israel og dei arabiske kongedømma Saudi-Arabia og Qatar. CIA har ingen problemer med skjulte operasjonar i framande land, og jamvel fullskala angrep, men pengane må koma frå andre land fordi [sjølv om] amerikanske veljarar ikkje bryr seg om folket i Syria. så vil dei aldri gå med på å betala for dette. Så lenge arabarane betalte for prosjektet, så var det OK for Mr. John Q. Public, som antagelig ikkje var i stand til å finna Syria på kartet uansett.

Rula Amin og andre frå Al Jazeera, saman med folk frå det amerikanske CNN, det britiske BBC og det franske France24, begynte alle ein bevisst politisk propaganda-kampanje mot den syriske regjeringa. Og det syriske folket leid under den død og destruksjon som dei vart påført av terroristane som spelte lokale opprørarar. Nokre gonger var skripta så like at ein skulle tru at dei alle var skrivne på det same hotellrommet i Beirut. Inn på scenen kom så mediepersonlighetane Robert Fisk og Joshua Landis, frå sine utsikstpunkt i hhv. Beirut og Oklahoma. Disse to mennene, som sat så langt borte frå dei verkeleg hendelsane, forestilte å vita alt som foregjekk i Syria. Britiske og amerikanske lesarar vart påvirka av deira bevisst einsidige forklaringar, mens verkelege syrarar inne i Syria som leste engelsk online, var forbløffa. Syrarane undra seg over korleis vestlige skribentar kunne ta parti med framande terroristar, som følgde Radikal Islam og angreip ubevæpna sivile som prøvde å forsvara heimen og familien. Media framstilte terroristane som frihetskjemparar og heltar av demokratiet, alt medan dei voldtok, plyndra, mishandla, kidnappa for løysepengar, og myrda ubevæpna sivile som ikkje hadde lest manuset før skytinga byrja i Deraa. Det var bare ein filmtrailer, og det var ein lavbudsett- mobilvideo som gjekk viral over heile verda. Heilt frå starten betalte Al Jazeera og resten av media $100.00*** for alle amatørvideoar som var filma i Syria. Ein heilt ny heime-industri sprang fram i Syria, med regissørar og skuespelarar ivrige etter rampelys og berømmelse. Autentisiteten vart ikkje vurdert. Media ville bare ha innhald som støtta deira propagandakampanje i Syria.

Deraa var starten på ein tragedie som enno ikkje har slutta. Den geistlige som spelte hovedrollen åpningsscenane, Sjeik Sayasneh, vart først sett i husarrest, og deretter smugla ut til Amman i Jordan i januar 2012. I dag gir han forelesningar nær Washington DC i USA. Akkurat som blivande skuespelarar vanligvis finn veien til Hollywood, som er filmindustriens Mekka, så fant Sheik Sayasneh veien til alle regimeendringers Mekka.

FORFATTAR


Steven Sahiounie
Steven begynte å skriva politisk analyse og kommentarer under Syriakrigen som begynte i mars 2011. Han har publisert fleire artiklar, og har vore tilknytta mange medier. Han har også vore intervjua av amerikanske, kanadiske og tyske medier.







* Deraa skrives vanligvis Daraa men eg har brukte Deraa alle andre stader enn i overskriften.
** I originalartikkelen står det "cleric", som eg har tolka som imam.
*** Slik står det i originalartikkelen. Eg antar at det betyr hundre dollar?

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Peter Ford om Amnesty International

Englands tidligere ambassadør i Syria, Peter Ford, er ikkje redd for å sei sin meining (sjå feks. her) om Syria, sjøl om den ikkje stemmer med det narrativet som hans gamle arbeidsgivar gjerne vil ha fram.
Her er Peter Ford i samtale med John Wight på Hard Facts angåande Amnesty International sin rapport "Human Slaughterhouse".

Kort oppsummering:

[3.20] Om timingen av rapporten: "Ein må spørja seg: kvifor no?". PF seier at det er veldig rart at den kjem no, tatt i betraktning av kva som har skjedd i Aleppo, suksessen med fredssamtalane i Astana og at det no ser ut til å vera sannsynlig at amerikanarane vil snakka med russarane. Og spesielt meiner han det er rart med tanke på at rapporten har vore under arbeid i meir enn eit år.

[5.02] Om truverdigheten:"Tydeligvis har ingen av forfattarane av rapporten faktisk vore i Saydnaya. Eg har". AI påstår at fengselet kan ta mellom ti og tjue tusen fangar. PF seier at det umulig kan ta meir enn 10% av dette. Vidare…