Gå til hovedinnhold

Peter Ford om Amnesty International

Englands tidligere ambassadør i Syria, Peter Ford, er ikkje redd for å sei sin meining (sjå feks. her) om Syria, sjøl om den ikkje stemmer med det narrativet som hans gamle arbeidsgivar gjerne vil ha fram.

Fritt-talande: Peter Ford om IS

Her er Peter Ford i samtale med John Wight på Hard Facts angåande Amnesty International sin rapport "Human Slaughterhouse".

Kort oppsummering:

[3.20] Om timingen av rapporten: "Ein må spørja seg: kvifor no?". PF seier at det er veldig rart at den kjem no, tatt i betraktning av kva som har skjedd i Aleppo, suksessen med fredssamtalane i Astana og at det no ser ut til å vera sannsynlig at amerikanarane vil snakka med russarane. Og spesielt meiner han det er rart med tanke på at rapporten har vore under arbeid i meir enn eit år.

[5.02] Om truverdigheten: "Tydeligvis har ingen av forfattarane av rapporten faktisk vore i Saydnaya. Eg har". AI påstår at fengselet kan ta mellom ti og tjue tusen fangar. PF seier at det umulig kan ta meir enn 10% av dette. Vidare seier han at det er feil at fengselet først i 2011 vart fengsel for politiske fangar. Det var det allerede før 2006, seier han. Og for det tredje snakkar han om at AI viser til den berykta Caesar-rapporten  Denne er tilbakevist av journalisten Rick Sterling (sjå feks. her.) Når ein har slik basic-info feil, så må ein lura på resten, seier han.

[8.15] Om Amnesty: "Amnesty er ein av spydspissane til den liberale intervensjonismen". PF viser til at AI publiserte ein rapport der dei hevda at irakiske soldatar tok bort kuvøsene til nyfødde barn og let dei liggja for å dø. Dette viste seg seinar å vera ein rein fabrikasjon, og AI måtte trekkja rapporten sin tilbake. (Min kommentar: Men då hadde den alt gjort sin nytte, ved å skaffa argument for invasjonen av Irak. Les meir om dette her.)

[10.39] Om AI sin uavhengighet: "Amnesty er velkjent i NGO-samfunnet for å vera veldig agressive, for å vera sensasjonalistiske, og for å vera veldig opptatt av sine egne sponsorar." PF seier at AI før var troverdige, men at dei no har blitt ein del av den liberale eliten. Han meiner at denne siste rapporten ikkje vil gi dei mykje troverdighet.

[17.40]. Om opposisjonen: "Dette handlar ikkje om demokrati, eller om å ha den beste konstitusjonen. Dette handlar om Sunni-supremacy." PF seier at 99% av rebellane er sunnimuslimar, og mesteparten av dei fundamentalistiske, og spør "Når vil vesten vakna?"

[22.50] Om fredssamtalane: "I verkelighetens verden vil det til slutt dukka opp ei militær løysing, og den sterkaste parten vil til slutt vinna. Og den sida vil sannsynligvis vera den syriske regjeringen."

Høyr intervjuet nedanfor. (Du kan også lesa engelsk oppsummering)


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…