Gå til hovedinnhold

Krigsmaskinen USA - Del 1

Kva bruker USA på militæret sitt?

I: Militære utgifter i forhold til andre land.

USA sitt militærbudsjett for 2016 var ifølge Wikipedia/SIPRI, 611.2 milliardar dollar, dvs. rundt 5.3 trilliardar kroner. For 2017 er budsjettet 824.1 milliardar dollar. I prosent av BNP var det i 2016 3.3%. Dette er ikkje den høgaste prosenten. Feks. har både Israel (5,8%) og Saudi Arabia (10%) høgare andel.

I reine pengar ser det slik ut: USA bruker like mykje pengar på militæret som dei sju neste på lista. For eksempel: for kvar dollar Kina bruker på sitt militære, så bruker  USA 2.77. Det kan vera greit å samanlikna dette med folketalet i dei same. USA har omlag 4.3 % av verdens befolkning, mens Kina har 18,5%. (Kjelde: http://www.worldometers.info) Mens Kina altså har over fire gonger meir folk, så bruker USA nesten tre gonger så mykje pengar. Med andre ord: misforholdet er  stort:

II: Militære utgifter i forhold til andre sektorar

Ser vi litt nærmare på statens utgifter så ser det slik ut: Militærutgiftene er 54% av det som vert kalla "Discretionary Spending". (Tal frå 2015).
Her trengs det litt forklaring. USA deler utgiftene sine inn i tre deler:
1) Mandatory, dvs utgifter som er knytt til lovfesta program som helse og sosiale utgifter. Denne delen utgjer nesten 65% av utgiftene.
2) Renteutgifter som er ca. 6%, og
3) Discretionary som ligg på i underkant av av 30%. Dette er den delen av utgiftene som kongressen kan fordela gjennom sine årlige tildelingar. Du har kanskje sett diagrammet under, eller noko som liknar:


Men dette diagrammet kan villeda. Vi kan ikkje lesa det som at militærutgiftene er over halvparten av USA sine utgifter. Men likevel: det viser korleis dei folkevalgte i US prioriterer. Dei bevilgar over halvparten av sine tilgjengelige midlar til militæret, og militærutgiftene er for eksempel 9 gonger større enn det USA bruker på utdanning. Så kan vi sjå litt nærmare på diagrammet som viser USA sine totale utgifter (Mandatory + Discretionary):


Begge diagramma er henta frå nationalpriorities.org.

III: Det skjulte budsjettet

Diagramma over viser dei offisielle utgiftene. Men eit viktig spørsmål er:
Er dette alt, eller skjuler det seg utgifter under andre postar?
Svaret er utvilsom ja. Om ikkje anna er det opplagt at at US pådrar seg betydelige sosiale/helse-utgifter som følge av sin omfattande kriging. Men det ser ut til å vera andre store postar som heller ikkje er med på statistikken over.  Nettstaden Mother Jones gjekk tala for 2010 nærmare etter. Det dei fann var følgande:

Pentagon sitt ordinære budsjett534 milliardar
Ekstrabevilgningar til militært personell4.1 milliardar
Ekstrabevilgningar til Irak og Afghanistan
(for budsjettåret 2010)
130 milliardar
Ekstrabevilgningar til Irak og Afghanistan
(for budsjettåret 2009)
82.2 milliardar
Kjernevåpen og relaterte utgifter (Department of Energy)16.4 milliardar
Militær og økonomisk støtte til Iraq, Afghanistan og Pakistan
(State Department)
4.9 milliardar
Sikkerhet, kontraterrorisme, assistanse og militør støtte til andre land,
inkl. midtausten og Israel (State Department)
8.4 milliardar
Kystvakt (Department of Homeland Security)583 milliardar
Totale militærutgifter:780.4 milliardar

Andre har funne at dei totale utgiftene er endå større. Center for Conscience & War sitt reknestykke viser at dei faktiske utgiftene for 2011 var over 1,4 billionar (på amerikans: trillionar) dollar!

IV: Ka pengane kunne ha blitt brukt til:

Til budsjettet for 2018 ber president Trump om $54 milliardar ekstra til militærbudsjettet sitt. National Priorities har laga eit eksempel på kva disse pengane i staden kunne ha gått til. (Det fins sjølsagt mange andre god forslag til å bruka pengane.)
  • 653,893 lærarar i barneskulen for eit år
  • 713,461 nye jobbar innan rein energi for eit år.
  • 1.8 millionar fireårige stipend for universitetsstudentar.
  • 22.3 millionar vanskeligstilte barn kunne fått betra helsetilbud for eit år. 1
  • 36.8 millionar husholdningar kunne fått solkraft i eit år.
Korleis ein enn reknar: USA bruker enorme summar på krig! Og i neste artikkel skal vi sjå litt nærare på  kva konkret disse pengane blir brukt til.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Peter Ford om Amnesty International

Englands tidligere ambassadør i Syria, Peter Ford, er ikkje redd for å sei sin meining (sjå feks. her) om Syria, sjøl om den ikkje stemmer med det narrativet som hans gamle arbeidsgivar gjerne vil ha fram.
Her er Peter Ford i samtale med John Wight på Hard Facts angåande Amnesty International sin rapport "Human Slaughterhouse".

Kort oppsummering:

[3.20] Om timingen av rapporten: "Ein må spørja seg: kvifor no?". PF seier at det er veldig rart at den kjem no, tatt i betraktning av kva som har skjedd i Aleppo, suksessen med fredssamtalane i Astana og at det no ser ut til å vera sannsynlig at amerikanarane vil snakka med russarane. Og spesielt meiner han det er rart med tanke på at rapporten har vore under arbeid i meir enn eit år.

[5.02] Om truverdigheten:"Tydeligvis har ingen av forfattarane av rapporten faktisk vore i Saydnaya. Eg har". AI påstår at fengselet kan ta mellom ti og tjue tusen fangar. PF seier at det umulig kan ta meir enn 10% av dette. Vidare…